Historie Namn i Haustreisa Hytta Haustreisa-bilde
|
Bildet
viser Vestre Haustreisa (Heimigarden). Om
sjølve namnet, sjå Namn
i Haustreisa. Denne garden er den eldste og vart truleg
rydda i 1680-åra. I skriftlege kjelder er garden
første gongen nemnt i 1690 (kyrkjeboka).
Den andre garden i Haustreisa, Austre
Haustreisa (Bortigarden), ligg på andre sida av
elva. Denne vart rydda midt på 1700-talet. Gammelgarden (no br.nr. 3) vart opptatt som
husmannsplass ikring 1850. |
Tunet
i Heimigarden. Stua er bygd i to delar. Den eldste delen (t.v.) er frå
1818. Den yngste delen er frå 1930. Fjøsen er bygd
omkring 1930. På bildet ser vi også eldhuset. |
Bildet
viser makjenet i Heimigarden.
Makjen er eit lite hus
som i dei siste hundreåra har vore
bruka til tørking av korn og røyking av kjøtt. I Hemnes og Rana brukar dei ordet badstue om same huset. Inne i makjenet har det frå gammalt vore ein enkel open eldstad (åre). Det er ikkje noko hol i taket (ljore)
som slepp ut røyken, men i veggane er det små
trekkhol som kan tettast igjen. Når dei skulle røyke kjøtt, fyra dei
opp på åren. "Etter at elden hadde fata godt i veden, tetta dei att trekkhola i veggen og stengde
døra. Rommet vart då fylt med tett, varm og
våt røyk. Når eldsmålet davra ned, og var utbrunne,
opna dei døra og la på ny
ved. Røykinga kunne ta 2-4 dagar." (Reidar
Svare) - Makjenet i Haustreisa er ca. 6 m2
(utenom svala). Det var i bruk til rundt 1970. Som eldstad
bruka dei då ein gammal bileggaromn som før hadde stått i stua. - Makjenet er i dag i dårleg
forfatning. |
I
det gamle jordbruket var utmarksslått vanleg; ein baserte det på at ei viss mende
fôr måtte hentast i utmarka. Høyet vart midlertidig
lagra i la'er eller høystakkar.
Bruka ein høystakkar,
vart høyet lagt rundt ei stong. Denne
vart kalla stakkstong.
Det er ei slik som er vist på bildet, som er tatt i 1999. Stonga har blitt ståande igjen ein stad i
Haustreis-marka. Det er mange år sidan sist ho var
i bruk... |
Det er etter kvart samla inn bra med stadnamn frå Haustreisa. Eg har under gjort eit lite utval. Då har eg plukka fram dei namna som eg synest er dei mest interessante. Tala framfor namna viser til kartet. Til slutt har eg vist korleis namna blir uttala.
Haustreisa
Haustreisa møter ein
som gardsnamn først og fremst i skriftleg
språk, og då som Haustreisa vestre og Hasustreisa
østre (sjå under historie). Men det kan godt vere
at folk også seier Haustreisa og med det meiner gardane
i Haustreisa. (Også Haustreisdalen vestre
og Haustreisdalen østre har vore bruka i skriftlege kjelder.)
Elles er jo både Haustreisa og Haustreisdalen
først og fremst bruka som områdenamn.
Tydinga av namnet er ikkje
heilt sikker, men sisteleddet reis er truleg det same som i elvenamnet Reisa
lenger nord i landet. Haustreisa skulle då vere
namnet på den elva som no heiter Gluggvasselva. Ordet reis har samanheng med det norrøne verbet rísa
= stige, her bruka om ei elv som veks sterkt og
brått. Tar ein så med førsteleddet, skulle Haustreisa
bli "elva som lett floner opp og får stor
vassføring om hausten" (Vefsn
bygdebok, bærb. 3a). Dette indikerer at Haustreisa
er eit gammalt namn, som så
av ein eller annan grunn
har blitt skifta ut med eit nytt elvenamn.
Reidar Svare kom i ein avisartikkel (Helgeland
Arbeiderblad, 19.10.68) inn på Haustreis-namnet. Han
hadde ein teori om at elvenamnet
frå først av var Austreisa til forskjell frå elva lenger vest i dalføret, Vesterelva. Austreisa
hadde då blitt til Haustreisa ved ei spesiell lydutvikling i språket. Viss
dette er tilfelle, er det ikkje usannsynleg
at også "Vestreisa" har vore i bruk som elvenamn.
Haustreisa er eit hokjønnsord og har i
dialekten fått dativforma Haustreis'n. Denne
forma er framleis i bruk (men blir i dag neppe bruka "rett" om ein held seg til dei gamle reglane for kva for preposisjonar
som kravde dativ).
|
1.
Heimigarden 2. Gammelgarden 3. Bortigarden 4. Gluggvasselva |
sikta til den tronge elvedalen". Men
Kjell Jacobsen tvilar på at namnet
kan vere så gammalt. Andre gjetninga er "at
nybyggerne på 1600-tallet rett og slett har 'lånt' det samiske namnet på Kløbfjellet - Glunhkie - omdannet det litt og knyttet det til elva og
vatna som den kommer fra".
5. Finnkøtmoen
"Landet innafor grensene til g.nr.45 Austre
Haustreisa har sammen med de tilgrensede områdene fra gammelt av vært et
sentralt bruksområde for samene. Det er derfor ingen tilfeldighet at like utom
innjorda på garden, på nordsida, finner en stedet Finnkøtmoen."
Det er Kjell Jacobsen som skriv dette under overskrifta Samiske brukere i
området etter ca. 1800 (Vefsn bygdebok, særb. 3a). På denne sletta må det ha stått ei eller fleire køter. Ordet køte er velkjent i dialekten og står ikkje berre for ei samisk gamme. I Nynorskordboka er også tydinga "lita
hytte, koie" tatt med. Det stemmer godt med eit
uttrykk eg minnest frå Dønna. Dei snakka ofte om ei stukøtæ
og meinte vel då eit lite hus. Vi kjenner også igjen
ordet i kott, norrønt kot, som ifølje Gamalnorsk ordbok står for "kot, ringt lite hus,
hytta".
Namnet Finnkøtmoen fortel oss også at dialektordet for same er finn. Slike
finn-namn kryr det av på Helgeland (Finnskogen, Finnhåjen, Finnlegræ osv.). Eit anna namn som har tilknytning
til samane, fell utafor kartet. Litt lenger opp i
elva har ein Nils-Klemsoforsen.
Her skal samen Nils Klemetsen har falle utafor og drukna.
6. Storholmen
Kartet viser at det er ei mengd med holmar i Gluggvasselva. Den største heiter,
som rimeleg er, Storholmen. Andre holmar er Olderholmen (nærmast
nord om Storholmen), Båtholmen (like sør om Olderholmen), Stillsundholman, Bekkiholmen
(ved Bekk-ia), Soleiholmen
og Sauholmen (like sør om brua). I tilknytning
til elva finn ein namn som Båtneset
og Båtholmen. Det fortel om ferdselen over
elva i eldre tid. (Gluggvasselva vart regulert på 1960-talet.)
|
7. Øverforsen |
8. Granremgjota
Eg tar med dette namnet
fordi det inneheld to ord som er svært vanleg i dialekten – rem og gjot.
Begge orda fortel om ein
landskapsformasjon, og dei opptrer oftast i samansette stadnamn. Rem blir bruka om "en langstrakt
forhøyning eller en stor og bred jordrygg" (Halvard Lundestad i "Navn
fra inn- og utmark til fire matrikkelgarder i Vefsn"). Nokre
seier at denne "forhøyninga" hallar til tre
sider, eller også – til minst tre sider. Nynorskordboka har med rime (norrønt rimi)
= langt (skogvakse) høgdedrag, jordrygg, rinde. - Gjot (ofte skrive jot) seier Lundestad blir bruka om "en
langstrakt senkning i terrenget og som er mindre enn en dal. Kan ligge mellom
to bakker eller rygger." Nynorskordboka forklarar
ordet som "liten dal ; (langstrekt)
søkk, lægd; skar ; smal grasslette mellom berg". "Søkk, lægd" passar bra om Granremgjota
(som naturlegvis ligg like ved Granremmen).
9. Olderneset
Olderneset representerer ein
type stadnamn som er vanleg
overalt i landet: Namn som er knytt til plantelivet
på staden. Her er det treslaget older, men det er notert fleire
slike stadnamn frå
Haustreisa: Bjørkmoan, Granberghaugen, Granhaugen,
Granremmen, Grasgjota, Heggkrullen,
Hemmulstykkjet, Kjerringrokkmyro,
Kvannskogmyro, Lurmyro (lur
= kvann), Møsmyro, Seljerompo,
Soleihaugen, Soleiholmen, Soleisletto, Storbjørkenget, Storbærmyro, Stortortenholo
(turt: korgblomstra fjellplante med blå blomstrar).
10. Krengelhaugen
Ordet krengel finn vi som førsteledd i mange stadnamn, og det viser då til noko
som er rundt. I norrønt finn vi det som verbet kringja
(= bøye, legge i ring osv.) og substantivet kringla
(= krins, ring osv.). I moderne norsk møter vi ordet bl.a. i kringle. Mange har
også vore og fiska i Krengeltjønnene
på Granefjellet. Frå dialekten kjenner vi eit uttrykk som "båten va kreng", dvs. at den var
lett å svinge/få til å gå i ring.
11. Forslia
Lia ovafor Nerforsen og Øverforsen
heiter Forslia. Vi
kan seie at nemnet gir seg sjølv, det vil seie at eitt stadnamn gir opphav til eit anna. Slike sekundærnamn er
det mange av i Haustreisa: Granremmen og Granremgjota,
Olderneset og Oldernesbekken, Holten
og Holtmyra osv.
12. Durmålsskardet
Før det vart vanleg å bere klokke på seg, var det sola sin plass på himmelen som
varsla folk om kva tid på dagen det var. På den måten kunne ein
også halde greie på mattidene når ein
var ute og arbeidde. Når sola stod over den eller den staden, var det
middagstid, nonstid osv. Eitt av måltida var durmål, eller helst dulmål (i
skriftspråk duggurd), som dei
skriftlege kjeldene plasserer til klokka 10 på
formiddagen. Då stod sola i Haustreisa over det skardet som måtte få namnet Durmålsskardet.
Ordet durmål synest vanskeleg å forstå, men er i røynda ei kortform av
dugurdmål. Dugurd som måltid er velkjend. Ordet finst i norrønt som "dagverðr"
eller "dogurðr" og tyder "dagmål(tid)" (eller dagverd, om ein
vil).
13. Kalvgarden
Ordet gard har fleire tydingar.
Ei av dei er gjerde eller inngjerding
(jfr. skigard). Vi har altså her å gjere
med ei inngjerding for kalvar.
14. Mølnhushola
Mølnhus (i skriftspråk møllehus)
var der dei hadde bekkekvern og altså mol kornet. Vi
har å gjere med staden
(hola) der mølnhuset stod. At bekken som renn der, heiter Mølnhusbekken er berre som det skal vere.
15. Lamhola
Eg har tatt med dette namnet
fordi det representerer ein type stadnamn
som er knytt til dyreller fuglar.
Dei er ganske vanlege. Om Lamhola
heiter det at ein ulv ein gong tok eit lam her. Det er
typisk nok, for til slike "dyrestadnamn" er
det ofte knytt segner. Frå Haustreisa finn er også
notert Bjørnremma, Kulia,
Sauholmen, Stranddekksletta og Vargmyro.
16. Stranddekksletta
Stranddekka er eit dialektord for strandsnipe. Når
sletta har fått dette namnet, er det sjølvsagt fordi
det ofte var strandsnipe å sjå her.
17. Gammel-Anemyra
Det seiest at myra er oppkalla etter ei kone som
gjekk på legd. Ho heitte
Ane og bruka gå over denne myra. Det kan gjerne vere, for det var mange som gjekk på legd
før i tida.
Det er notert fleire slike namn
som har tilknytning til personar: Andersmyro,
Jo(hn) Jonsomyro, Jolandet og Mortenmyro.
Kjelder: Vefsn bygdebok,
særbind 3a
Kari Smørvik: Stadnamn i Haustreisdalen (særemne ved
Mosjøen videregående skole)
Skolebarnsamlinga ved Nordisk institutt,
Universitetet i Bergen
|
Gammelgardsforsen i vårflaumen. I bakgrunnen brua over Gluggvasselva (Gammelgards brua). |
|
Hytta vår bygde vi i 1967. Ho var ganske lita, så vi bygde på ho nokre meter seinare. - Midt på
60-talet budde vi på gammalskolen på Halsøya (Hals
skole). Då skulle uthuset på skolen rivast. Vi såg sjansen til å få
oss hytte og søkte kommunen om å få rive huset mot å få materialane.
Det fekk vi. Og når det så var i orden med
hyttetomt, gjekk vi i gang med bygginga. På den eldste delen er bordkledninga framleis den
same som den som var på uthuset på Halsøy-skolen. Hytta står i Forslia. Ein vakker plass, synest vi. Her har vi fram gjennom åra hatt utruleg mange fine opplevingar. Så er også minna mange... Naturen i Haustreisdalen er vakker, vinter som sommar. Eller vinter som haust, for det er helst om seinvinteren og hausten vi har bruka hytta. Då er det finast å vere i Haustreisen. I 2018 overtok Kjersti Karijord Smørvik hytta. |
Haustreisa-bilde frå 2005 og
2006
Tekst til bilda, f.v.
Nils Klemsoforsen med roleg
vassføring. - Same fossen om våren. -
"Balansepunktet" - frå Granefjellet.
- Kristin og Dag prøver fiskelykka. - Fisk på kroken.