Kenya

Bakgrunnen for turen    Turen vestover    Bilde frå turen    Fakta om Kenya                 

 

Vinteren 2000 var eg i Kenya. Dette var på mange måtar ei annleis reise - og altså ingen turisttur med safari, møte med storvilt og tur til Kilimansjaro. Det var heilt andre ting som vart viktig, og først og fremst møte med menneske som eg vart kjent med og fekk som venner. Eg og dei eg var saman med, reiste i eit område som turistar ikkje ferdast i. Slik fekk vi sett attom det som turistreisene byr på. Også derfor sette turen spor etter seg - på mange vis.                                                                                                                 

Bakgrunnen for turen

Sidan 1995 har Mosjøen videregående skole hatt eit nært samarbeid med St Patrick's Naitiri High School i Kenya. Dette året vart det skrive ein samarbeidsavtale mellom dei to skolane. Avtalen legg mellom anna vekt på å bygge og utvikle kontaktar mellom personar, skolar og lokalsamfunn. Sidan 1996 har 20 studentar og lærarar frå Naitiri besøkt Mosjøen. Det tilsvarande talet for Mosjøen v.g. skole er 36.

Naitiri-kart2.JPG (75144 byte) Naitiri er ein liten tettstad som ligg langt vest i Kenya, på det høglandet som er eit av dei beste jordbruksområda i landet (sjå kartet). Avstanden frå Naitiri til Uganda er ikkje meir enn ca. 5 mil. Her oppe i godt og vel 2000 moh dyrkar dei plantar som mais og sukkerrør, og kvar familie har gjerne nokre bananplantar. Folk svelt ikkje her. Men lenger nord i Vest-Kenya, i Turkana-området, har det i fleire år vore svært tørt. Resultatet er hungersnød og store lidingar for menneske og dyr.

Turen vestover

Vi åtte som var med på turen (sjå bildet), fire elevar og fire tilsette, reiste frå Nairobi og opp til høglandet i vest. Vi hadde leigd bil (på bildet er også sjåføren vår med) og fekk sett bra mykje av landskapet vi kjørte gjennom. På turen vestover passerter vi Rift Valley, søkkegropa som går gjennom store delar av Aust-Afrika. Her var det tørt og lite av vegetasjon. Men dette var i slutten av tørketida. I regntida vil nok landskapet ta seg annleis ut. Ei spesiell og interessant side ved Rift Valley er at dei her har funne restar av dei første menneska som forskarane meiner var dei første av denne rasen på jorda.

 

Afrika6.JPG (178264 byte) På vegen opp  i høglandet (og nordvestover) passerte vi ekvator. Også det var ei spesiell oppleving. Men bortsett frå reklameskiltet var her ingen ting som vitna om turisttrafikk. - Men sjåføren vår skynda på. Han ville helst kjøre mens det var lyst...

Frå dagboka

Inntrykka var mange på turen vestover. "Skal eg plukke fram noko, kan det vere folk langs vegane - syklande og gåande. Ofte berande på ein sekk, og så då kvinner med tunge vedbører på nakken. Vi passerte  nokre byar - Naivasha, Nakuru og Eldoret. - - - Eldoret gjorde inntrykk. Frå dette området er Moi. Har han sørga for at denne byen skal ta seg ut? I alle fall har han sørga for at staden har fått ein internasjonal flyplass - som ingen brukar. Slik er det ikkje med Nakuru, men byen var ein gong sentral. Det var då sjøflyruta gjennom Afrika hadde eit av stoppa sine på Lake Nakuru (byen var flyhamna til Nairobi). Dyre- og plantelivet er det ikkje så svært mykje å seie om. Dyra var først og fremst dei som tilhørte bøndene; men vi såg sebraer fleire stader. På Lake Elmentaita såg vi ein stor rosa flekk. Det var flamingoar. Plantelivet var som sagt prega av tørken; først og fremst gjeld dette Rift Valley. Dalen verka steppeaktig (men er vel savanne). Men bildet endra seg då vi forlet rifta og kom opp i høgda. Her var det mykje meir skog og jordbruksland. Dessverre kom mørkret då vi vi forlet Eldoret, så siste delen av turen fram til Webuye såg vi ingenting av."
Webuye var den vesle byen vi budde i dei første dagane. Dei to-tre siste overnatta vi privat (hos lærarar ved skolen). Det betydde mykje for oss å komme folk så nært inn på livet som det er å vere i heimane deira.

Nokre bilde frå turen

Afrika3.JPG (322720 byte) Bildet er frå eit friminutt ved skolen. Her som elles i Kenya har studentane skoleuniform. Naitiri High School er ein guteskole, og studentane bur på internat. Samanlikna med norske forhold er skolebygningane enkle og utstyret mangelfullt, men dette er på ingen måte eit mål på kor godt skolen og undervisninga blir drive.

 

Afrika1.JPG (147688 byte) Biblioteket ved Naitiri High School blir flittig bruka av studentane. Skolen manglar midlar til å kjøpe bøker for, så her er ein god del litteratur som bibliotekaren saknar. Utveksling av gåver hører med i eit godt vennskap. Her tar musikklærar og rektor imot ein gitar frå Mosjøen videregående skole (mars 2000). gitar.JPG (140040 byte)

 

Runar.JPG (86629 byte) Skolen ligg i eit parkliknande landskap. Sjølv om vi besøkte Naitiri i slutten av tørketida, verka landskapet frodig. Midt på bildet t.h. ein evkalyptus som hever seg over den andre skogen. Det var eit vanleg syn. Av andre tre vi la merke til på skoleområdet, var sjakarandaen med vakre, blå blomster. Afrikansk tulipantre er også eit syn verdt. naitirihs3.JPG (86065 byte)

 

Afrika2.JPG (357937 byte) Ikkje langt fra skolen ligg Naitiri Hill. Her oppe var vi og fekk eit skikkleg utsyn over landskapet. Her er oppdyrka jorder overalt, men ingen store driftbygningar slik vi er vant med frå Norge. I eit klima som dette er det ikkje behov for så mange og store hus. Det finst ein god del tradisjonelle hus i dette området (jordhytter med stråtak), slik vi ser det i forgrunnen på bildet.

 

Naitiri1.jpg (176994 byte) Like ved Naitiri High School ligg det ein barneskole, som vi også besøkte. Bildet er frå eit klasserom, der det kunne vere godt over hundre elevar. Frå dagboka: "Dette besøket gjorde eit uutsletteleg inntrykk. Eg kjem aldri til å glømme elevane, klasseromma, bygningane, personalrommet. Enkelt, overfylt, fattigsleg - likevel muleg å få til skikkleg undervisning (og sikkert også resultat). Eg har sett bilde frå skolar i Afrika, men kunne ikkje ha forestilt meg at det var slik. No har eg det verkelege bildet inne i meg. Kvar gong eg får lyst å klage, skal det vere eit korrektiv..."

 

Afrika4.JPG (99787 byte) På tilbaketuren til Nairobi var vi innom Kisumu, tredje største byen i Kenya. Kisumu ligg ved Winam Gulf, som er ein del av Victoriasjøen. Til venstre slik det tok seg ut frå hotellet tidleg på dagen. Det som flyt på sjøen, er gras som har rive seg laus i løpet avnatta. Denne planten er innført og gjer stor skade ved at delar av sjøen gror igjen. Til høgre kveldsstemning. Afrika11.JPG (109434 byte)

 

Afrika5.JPG (362752 byte) I Nairobi vart det også tid til å besøke den farmen som diktaren Karen Blixen hadde i si tid. I dag er det den kenyanske staten som eig farmen, som blir bruka som museum. Baren Blixen dreiv denne kaffefarmen frå 1917 til 1931. Det var med bakgrunn i opplevingane her ho skreiv  Min afrikanske farm (jfr. filmen Out of Africa).

 

Fakta om Kenya

Areal: 583 km2 
Folketal: 30 mill., fordelt slik: 0-14 år: 43%, 15-64 år: 54%, 65 år og eldre: 3%. Folketal pr. km: 28
Statsform: Republikk. President (sidan 1978): Daniel arap Moi (gjenvalt 1993 og 1997)
Hovudstad: Nairobi (2 mill. innb.)
Andre byar: Mombasa (465.000), Kisumu (185.000), Nakuru (162.000)
Merk: Oppgitte innbyggartal i alle byane, medrekna Nairobi,  er usikre.
Gjennomsnittleg levealder: 48 år
Barnedødelighet: 69 pr. 1000
Religion: Protestantisk: 38%, romersk-katolsk: 28%, stammereligionar: 26 %, islamsk: 7%, andre: 1%
Språk: Både swahili og engelsk er offisielle språk, i tillegg finst det ei rekke ulike stammespråk
Etniske grupper: Innbyggarane er delt inn i over 40 etniske grupper. Dei største er kikuyu (22%), luhya (14%) og kalenjin (12%).
Geografi og klima: Kenya ligg i Aust-Afrika. Landet grensar i nord til Somalia, Etiopia og Sudan, i aust til Uganda og i sør til Tanzania. Ekvator går gjennom landet. Klimaet varierer frå tropisk langs kysten til tørt i innlandet. Store delar av indre Kenya ligg på eit fjellplatå. Her er klimaet behageleg. (Nairobi ligg 1800 moh.) 75% av folket bur i høglandet. I det nordlege Kenya kan det store område bli svært tørt. Her bur det lite folk. Monsunvinden gir landet to regntider, i november-desember og mars-mai.
Produksjon: Om lag 70% av folket lever av jordbruk. Viktige jordbruksprodukt er kaffe, te, mais, sukkerrør, frukt, grønsaker, meieriprodukt og kjøtt. Industriprodukt er mellom anna sement, kjemikalier og  petroleumsprodukt. I tillegg  kjem produksjon som er knytta til jordbruk. (Arbeidsløysa i Kenya er på om lag 50%)

Historie
I dei første hundreåra etter Kr. voks det fram fleire arabiske handelssamfunn i kystområda. Etter ca. 1500 fekk  handelen konkurranse frå portugisarane. På 1800-talet var kyststripa dominert av sultanen av Oman. Handelen omfatta også slavar og elbenbein frå Kenya. Etter kvart kom britiske interesser sterkt inn i delar av Aust-Afrika. Koloniselskapet Imperial British East Africa tok seg av dei britiske interessene i området. I 1895 vart Kenya utropt til britisk protektorat. Det fruktbare høglandet (som også hadde godt klima) vart sikra for dei kvite, mens afrikanarane vart viste til reservat. Etter den første verdskrigen styrkte dei kvite kontrollen over den afrikanske befolkninga.
Etter 2. verdskrigen tok kampen for sjølvstende til, og i 1947 vart Kenya African Union danna (KAU) under leiing av Jomo Kenyatta. Dette var den første afrikanske nasjonalistorganisasjonen. Organisasjonen kravde tilgang til "kvit" jord. I 1952 kom Mau Mau-opprøret, og britane erklærte unntakstilstand. Opprøret vart slått ned, rundt 13.000 afrikanarar miste livet og 80.000 hamna i konsentrasjonsleirar (mellom dei Kenyatta). I perioden 1957-1960 førte britane ein meir forsonande politikk, og afrikanarane fekk visse rettar. Først på 1960-talet kom nye organisasjonar til - Kenya African National Union (KANU) i 1960 og kort tid etter Kenya African Demokratic Union (KADU). Jomo Kenyatta vart sleppt fri i 1961. Ved valet i 1963 vann KANU, og Kenyatta vart statsminister. Landet hadde fått indre sjølvstyre. I des. 1963 vart Kenya ein sjølvstendig stat. Landet vart replublikk med Jomo Kenyatta som president. Ettersom KADU var gått i oppløysing, var republikken i praksis ein eittparti-stat. Opposisjonsleiaren Oginga Odinga vart arrestert og partiet hans forbode. På 1970-talet auka den politiske valden samtidig som landet opplevde ein økonomisk krise.
I 1978 døydde Kenyatta, og Daniel arap Moi vart valt til ny president. Den politiske situasjonen fram til 1991 var prega av
eittpartstyret sin måte å behandle motstandarane på (bl.a. fengslingar og avgrensa ytringsfridom). På dette tidspunktet fekk Kenya bistandspengar frå mange land. Bistanden vart no halden tilbake, og det vart stilt krav om at det skulle gjennomførast økonomiske og politiske reformar. I des. 1991 gav Moi etter og tillet fri politisk aktivitet i landet.
Til tross for visse forbetringar, var det i 1990-åra mykje politisk uro i landet. Mellom anna var det uro i samband med vala i 1992 og 1997. Det finst ei rekke politiske parti i landet, men både etniske og personlege motsetningar har ført til at opposisjonen ikkje har greidd å trua regjeringspartiet KANU. Det internasjonale pengefondet (IMF) valde i 1997 å fryse alle kredittar til Kenya.
I dag: "Den politiske situasjonen i Keney preges av usikkerhet om hva som skal skje etter Mois planlagte avgang i 2002, og av konflikt om grunnlovsreformen. Kenya har et anstrengt forhold til de internasjonale finansinstitusjonene, og økonomisk tilbakegang har blitt forsterket av klimaproblemer og tørke." (Fellesrådets Afrika-årbok 2000-2001) Den same kjelda skriv også: "Den fattigste delen av befolkningen har merket lite til økt demokratisering og større grad av politisk pluralisme. Vilkårlige overgrep av fra politiets side er et omfattende problem. Mange fattige har blitt rammet av såkalt 'landgrabbing', der rike investorer, ofte på ulovlig vis og med hjelp av korrupte tjenestemenn, tilegner seg områder hvor fattige mennesker bor. - - - En forverret helsesituasjon sammen med tørke har rammet befolkningen hardt, særlig de nærmere 50 prosent som lever under fattigdomsgrensen."
Tillegg: Etter eit fredeleg val i des. 2002 vart opposisjonsleiaren Mwai Kibaki (71) frå Regnbogekoalisjonen (14 parti bak seg) valt til president med rundt 70% av røystene. Kibaki har store utfordringar å gripe tak i. Ei hovudoppgåve er å gå laus på korrupsjonen som har hatt stort spelerom i Moi si tid som eineherskar. - Med dette valet har endeleg demokratiet fått ein sjanse i Kenya.