Familie
På reisefot
- og litt av kvart
Foto frå 2007
Bilde frå
kjøkkenkalenderen
Litt om oss
sjølve
Unn: F. 1938 i Brønnøy og D. 2018 i Mosjøen. Hadde Karijord
til etternamn før vi gifta oss.
Per: F. 1937 i Dønnes (no Dønna).
Eg er i dag pensjonist. Før det har eg arbeidd i folkehøgskolen, grunnskolen og den videregåande skolen; Unn i grunnskolen.
Barna våre: Dag Smørvik, Kjersti Karijord Smørvik og Kari Smørvik Sivertsen
Barnebarn: Kristin og Maren (døtrer til Kjersti og Even); William,
August og Ingrid (ungane
til Kari og Dan)
Dag er sambuar med Joran
Langvik, Kjersti er gift med Even Nilsen, og Kari er gift med Dan Sivertsen.
Om slekt/familie: Smørvik-sida (sjå Paul Kristian Smørvik)

Foto frå sommaren 2000
(Kjersti og Kristin)
|

- - og frå vinteren 2003 (Kari og William)
|

Kristin og Maren, jula 2004
|
William og August, febr.
2005
|
Fleire foto under "- og litt av kvart"
* * * * * * * * * * *
På reisefot
Vi er ikkje av dei
som har reist så veldig mykje og fått med oss
inntrykk og opplevingar frå
meir eller mindre fjerne himmelstrøk. Men ein del turar har det blitt - i
bil og med fly. Det er nok slik at dei lengste turane har blitt tatt etter at ungane
ikkje var ungar lenger.
Altså turar som Unn og eg
har vore aleine om. Men Kari, som er yngst, fekk i så måte oppleve meir enn dei andre - turar med campingvogna i Norge og Sverige og ein og annan hotellferie i
Finnland og Sverige. Visse fordelar skal det vere med å ha "gamle" foreldre... Kjersti og Dag
måtte stort sett nøye seg med baksetet og firemannsteltet.
Vi som dei fleste andre som er ute og
reiser, brukar fotoapparatet. Så når vi i ettertid minnest
det vi har opplevd, er det ofte knytt eit bilde til
hendinga eller staden. Det som kjem under, er ikkje
eit forsøk på å trekke fram det originale eller
spesielle. Slikt har vi rett og slett ikkje. Men det alminnelege blir ikkje alltid så alminneleg når tida går og den geografiske avstanden i
tillegg får gjort noko med motivet.
(Klikk på bilda for å få dei i stort format.)



|
Siljan
Innsjøen
Siljan ligg i Dalarne, Midt-Sverige. Landskapet er
blidt og vakkert og blir marknadsført som
turistområde (som det då også er). Unn og eg var der i 1993, og hadde trivelege
dagar
i Mora og Rättvik.
Båten t.v. er ein kyrkjebåt.
Skikken med å ro til kyrkja held dei liv i enno - og er naturlegvis fint å vise besøkande.
Huset er heimen til Emma og Anders Zorn i Mora, og er vel verdt eit besøk. Anders Zorn (1860-1920) var ein stor målar, bilethoggar og grafikar. (I
Mora er det også eit Zorn-museum.)
|


|
Sør-Varanger
På veg til
Kirkenes (1983) måtte vi innom det gresk-ortodokse kapellet i Neiden -
"reist av den hellige Trifon 1565". Så
lite (ca 11m2), og likevel så vakkert.
- Ved Pasvikelva måtte vi berre ta dette
bildet - Kari ved grensestolpen og Sovjetunionen på andre sida. (Sidan dette var i den kalde krigens dagar, var det fotoforbod
her.)
|

|


|
New
York
Sommaren 1989 var Kari, Kjersti og eg i USA og besøkte Dag, som budde i New Jersey.
Inntrykka var mange - i dag tenkjer ein helst på kor enkelt det var å
ferdast overalt. Verda var endå
nokolunde normal, også i USA.
Øvst t.v.: På flytur over New York med Dag. Midt i
bildet Empire State Building.
T.h.: Kari og Kjersti, på veg med ferja til Friheitsgudinna.
I bakgrunnen eit minne frå
fortida - Tvillingtårna (World Trade Centre) på Manhattan.
|

|

|
I Washington
måtte vi sjølvsagt få med oss Det kvite hus. Men vel så sterkt
inntrykk gjorde Vietnam-monumentet, og særleg
då veggen ved sida av med namna på dei falne. (Amerikanarane mista
57000 i denne krigen.)
|

|



|
Madeira
- Blomsterøya
Madeira er
portugisisk, men øya er eit sjølvstyrt
område. Klimaet på sørkysten er fint - passe med nedbør og ein temperatur som svingar
mellom 15o (januar) og 24o (august). Øya er kjent for
den frodige vegetasjonen - eit "drivhus for
subtropiske og tropiske planter fra alle andre verdensdele",
som det står i ei reisehandbok. Den som likar blomster, skal reise til Madeira.
Dei fleste som besøker Madeira, bur i Funchal (øvst
t.v.). Byen er "hovudstad" (ca. 150 000
innb.). Vi var der i 1995. Øya har ikkje naturlege
badestrender. For oss passa det berre godt.
Vi heldt oss for det meste i og nær Funchal,
opplevde natur og blomsterprakt, og hadde masse fine spaserturar
i byen og hamneområdet.
Bildet i midten t.v. er frå ein
botanisk hage, under akasie og palmelilje. T.h. frå
ei levada-vandring. Levada
er ei vass-renne som fører vatn frå fjella og
nedover. Dei første vart laga på 1500-talet. I dag skal det vere om lag 700 km levadaer på
Madeira!
|


|



|
Finland
Finland er på mange vis eit sjarmerande land. Mange har
opplevd landskapet som einsformig. Det kan så vere. Men det er eit smilande landskap, og idyllen er aldri langt unna. Bildet
øvst t.v. er tatt ved kysten, litt nord om Vasa.
I ein periode hadde vi fleire turar til Finland -
kjørte rundt Bottenvika eller tok bilen med på ferja frå
Vasa. Vi var både ved kysten og i innlandet. I Kajani
har vi vore to gonger. Og det kan vere greitt å komme seg vekk frå kyststripa, som til dels er svært turist-prega. Kajani ligg vakkert til ved Kajaaninjoki.
På ei øy i elva ligg ruinane etter ei borg som vart
oppført på 1600-talet og lagt i ruinar i 1716 under
Den store nordiske krigen. Men det øydelegg mykje
at ei ei bru er lagt rett over desse
flotte fortidsminna! På bildet i midten er det også ein
båt med tjæretønner - eit minne frå
den tida dei frakta tjæra frå
innlandet til kysten på denne måten.
Det er vanskeleg å ta landskapbilde
i Finland. Landet er flatt, og da blir gjerne bilda også "flate".
Slik vart det på bildet t.v. - mykje vatn og
himmel!
|


|
Skellefteå
I seinare år har vi som regel vore
ein tur i Skellefteå kvar sommar.
Det er fordi vi trivst så godt i denne byen. Her er
fin natur, og inne i byen er dei veldig flinke til å gjere det triveleg
med masse blomster i gågatene. Ein kosar seg rett og slett.
Skellefteå ligg ved Skellefte älv.
Langs elva er det laga gangvegar. Her kan ein gå kilometer etter kiliometer
i uvanleg fin natur. Om kveldane
brukar vi ofte stikke innom Kyrkholmen
og få oss ein kopp kaffe (nedst
t.h.). I dette området ligg også Kyrkstaden (øvst t.h.) - hus som folk frå
landsbygda før i tida budde i når dei var i kyrkja.
Nordanå kulturcentrum er eit stort friluftsområde med museum, teater, handverksbygningar osv. Bildet nedst
t.v. er frå Nordanå.
|


|



|
Mallorca
Vi har vore på Mallorca fleire gonger,
og med eitt unntak i Alcudia-området.
Alcudia er to ting - den moderne turistbyen og så
Gamle Alcudia. Byen innafor bymuren, som er delvis bevart,
er frå 1300-talet. Men lenge før den tid, rundt 100
f.Kr., grunnla romerane ein
by her. Restane av denne finn ein
framleis utafor bymuren (bl.a. eit romersk teater).
Bildet i midten er det som mange forbind med Syden -
sol og lange sandstrender. Og om ein ikkje vil ligge å sole seg, kan ein jo spasere langs stranda, slik som Unn, Kari og hans
som tok bildet, gjer her.
Når ein er i andre land, kan ein
få mykje ut av å ta seg ein
tur på kyrkjegarden. Skikkane
er forskjellige, slik vi ser det her i Alcudia.
|



|
Antalya
(Tyrkia)
Unn har vore fleire gonger i Tyrkia på behandlingsopphald (Balcova ved
Izmir), men i lag har vi berre vore
i Antalya, som ligg i sør, ved Middelhavskysten. Opphaldet
her (1999, 2005 og 2007) var det vi kan kalle ein
storbyferie (Antalya er millionby). Vi såg ingen
andre nordmenn og hadde ei ekte kjensle av å vere for oss sjølve.
Antalya er ein spennande
by. Gamlebyen, som vi ser litt av på første bildet, er interessant. Her finst mange minne frå eldre
tider, m.a. Hadrians port frå 130 e.Kr. (til minne
om keisaren sitt besøk i byen). Eit
svært bra arkeologisk museum finst det óg her.
Oldtidsbyen Perge ligg nær Antalya. Ein god del av det gamle er bevart, m.a. stadion og
teater. Paulus var her på den første misjonsreisa si.
Dei varme kveldane er vi ikkje
aleine om å sette pris på i Syden.
|

|
Milano
Hausten 2003 fekk
eg nokre dagar i Milano saman med
Kjersti og Kristin. Byen er kjent for
mange ting - motar, opera, fotball... - og også
historie. For meg vart det helst det siste. Midt i sentrum ligg domkyrkja, som er ein praktfull
gotisk katedral - den tredje største kyrkja i
Europa. Det vart nokre timar
både inni og oppe på taket (t.v.). - Så hadde eg jo
drømt om å få sjå Leonardo da Vincis Nattverden. Det vart med drømmen
- her var det lang tids førehandsbestilling av billettar.
Men kunst var det elles ikkje vanskeleg
å få sett i denne byen.
|
Til toppen
- og litt av kvart
Vakkert, vilt og fascinerande
Nokre bilde frå
kjøkkenkalenderen, 2006, 2007 og 2008


Litt tekst til bilda:
Øvste rekke f.v.:
Hytta i Haustreisa
Blomster på stubordet
Frå Skellefteå (Skellefteälven
Ved Langvatnet på Granefjellet
Ved E6 i Sørfold
Utsyn frå Dønnesfjellet
hausten 2006
Midtre rekke f.v.:
Hytta i kveldssol
Kveld ved Skellefteälven
Svartbak utafor kafévinduet på ferjeleiet i Svolvær
Minne frå sommaren 2007
Kveldsstemning ved Vefsnfjorden
Vinterstemning ved Johansetra i Haustreisa
Nedste rekka f.v.:
Utsyn frå Rødøy mot
Hestmannen
Til toppen