Velkommen til heimesida (Sida er under vedlikehold)

 

                                           

                Velkommen til heimesida mi - og det med ei kveldsstemning frå Halsåsen, der Unn og eg budde saman fram til ho gjekk bort i mars 2018. Her er det utsyn ut over Vefsnfjorden. Det passar fint ettersom vi begge hadde røttene våre ved kysten. Særleg er solnedgangen vakker (om ikkje himmelen alltid er fargesprakande som den kvelden dette bildet vart tatt). (Foto: Fredrik Skårdalsmo)

                Vi, og no eg, har budd på Hals sidan 1972. Tomta ligg på Bekkjehåjen, som er lengst oppe på det som var innmarka til øvste Hals-garden. Her stod enda restane etter sommarfjøsen då vi bygde (sjå under). - Eg tar med nokre av stadnamna frå dette området på lokalhistorie-sida.

                Heimesida mi fortel noko om dei interessene eg har. Her er det ein god del lokalhistorie, men eg har tidlegare også tatt med litt av slikt som Unn og eg var i lag om. I seinare år har det blitt sett inn lite av foto. Kanskje kan eg no få gjort noko med det. For andre er det vel først og fremst det lokalhistoriske stoffet som har interesse.

 

Bildet til venstre er frå 1940-talet. To jenter frå Hals-gardane (Ner- og Øver-Hals) er på veg til kvar sin sommarfjøs. Slik såg det ut til rundt 1970, då gardane vart lagt ut til tomter. Huset vårt (til høgre) står på bakken hitom sommarfjøsen. Det røde huset i bakgrunnen ligg på den gamle sommarfjøstomta..

                                                                                    Sist oppdatert 28.10.2019